Bjørn Helset

1. kandidat Ørsta MDG, Daglig leder WEN AS

Frå vindkrigar til miljøkrigar

Ein trygg barndom med foreldre som lærte meg gode verdiar. Ein oppvekst prega av medlemskap i Norsk Ornitologisk Foreining og fuglefotografering i ei årrekkje, la grunnlaget for at eg alltid har vore på lag med naturen og vore oppteken av å bevare artar og biotopar både for planter, dyr og menneske.

Etter nyttårsorkanen i 1991, låg restar av ein tennishall i Rotevatnet i Volda. Eg hugsar godt den våren då eg tok på meg vadarane og rydda opp i våtmarksområdet ved Årneset. Eg gjorde det den gongen fordi eg følte det var rett å gjere det. Uskuldig og upåverka ungdom som handla på idealistisk vis.

I fleire ungdomsår budde eg på Stadtlandet og tett på det mektige havet med alt det fantastiske kysten vår hadde å by på. Her ute vart eg ein del av eit nytt samfunn som var ukjent for meg. Her fekk eg kjenne vinden og lære meg å leve tett på havet, verte fiskar og å foredle det havet baud på.

Eg flytta omsider heimatt til Volda og kom i gong med studium på Høgskulen i Volda, der eg gjekk Kommunal planlegging og organisasjon og leiing. Vidare arbeidde eg 3 år i Arki Arkitektar i Ulsteinvik før eg starta eige firma i Ørsta, som sidan flytta til Ålesund.

Dei siste åra har eg arbeidd med å få Noreg (ikkje mindre) over på nye fornybare energiløysingar. Ein gal manns visjon eg deler med fleire, og som held på å verte røyndom. Prosessen har synt at eg trivast med å arbeide motstraums og at dersom eg er overtydd om ei retning å gå, handlar det berre om å setje ein fot føre den andre kvar dag, til du er i mål.

I dag er eg pappa for to flotte jenter som skal vekse opp i eit samfunn som eg vil vere med på å forme. Når eg i vinter vart beden om å ta på meg vervet som leiar for Miljøpartiet Dei Grøne i Ørsta, var valet lett.

Utfordringane står i kø når ein skal verte politikar over natta, men eg har med meg ei sterkt partigruppe som eg håpar får mange personstemmer ved haustens kommuneval.

Som parti har vi ambisjonar om å få kome inn i kommunestyret til hausten slik at den grøne politikken får ei stemme også lokalt. Då vil det handle om; Helse og omsorg, oppvekst og skule, klimasmart samferdsel, landbruk og mat, miljø og naturmangfald, areal, næring, økonomi og energi. – for å nemne noko.

Prosessen som no i gang med utvikling av Ørsta sentrum kjem vi som parti til å følgje tett. Vi vil arbeide for å få miljøgate i Ørsta med ei redusert fart til 40 kmt frå Ose til Mork.

Når det gjeld Ørstafjord-kryssinga, vil vi ha tunnel under Raudøya så fort som råd og heilt uavhengig av Hafast/Fefast som vi er sterkt imot å bruke samfunnet sine pengar på. Dette fordi ein tunnell vil framskunde arbeidet med å få til eit grønare og tryggare Ørsta sentrum der tungtrafikk og gjennomgangstrafikk går utanom.

Vi skal vere eit lyttande og handlande parti som tek lokalt ansvar basert på ein nasjonal miljøpolitikk. Dette betyr at vi skal setje ord ut i handling lokalt, og at vi i nokre saker vil måtte vere kontroversielle.

Å ja… Vi er prinsipielt for nedlegging av pelsdyrnæringa. Næringa er ei «kjekt å ha» næring som produserer luksusartiklar dei færraste nordmenn tør å kle seg i. I tillegg er dyrevelferd eit framandord for dei fleste som driv i bransjen. Eg treng ikkje utbrodere dette vidare. MDG går inn for ei omstillingsstøtte på 30 millionar til pelsdyrnæringa. Næring må vi ha for å halde bygdene med folk. Frå langreist pels til kortreist salat og tomat kling bra i mine øyre.

Det Grøne Skiftet er noko dei på Karl-Johan snakkar mykje om. Men for nokre her heime i Ørsta er dette omgrepet kanskje fjernt. For oss i MDG Ørsta handlar Det Grøne Skiftet om å tilpasse oss ein ny kvardag med utfasing av oljeøkonomien og ein overgang til eit klimanøytralt næringsliv og til eit levevis som er berekraftig. Nokon vil meine at dette er utopisk. Men eg kan fortelje at det er det ikkje.

Vi må tenke på korleis vi nyttar råvarene våre i industrien, kva for varer og tenester vi treng og ikkje treng. Sjølv om ei vare kan seljast til ein marknad betyr ikkje dermed at samfunnet treng den.

Godt val!

Bjørn Helset

Listetopp og lokallagsleiar Miljøpartiet Dei Grøne Ørsta.

- Vi må tenke på korleis vi nyttar råvarene våre i industrien. Sjølv om ei vare kan seljast til ein marknad betyr ikkje dermed at samfunnet treng den.