Frida Gillberg

2. kandidat MDG Ørsta., Jobbar på sjukehusapoteket i Volda. Bur på Sæbø.

Frida Gillberg Fødd i 1979 i Trolhättan i sydvestsverige.

Trollhättan er ein by på omtrent 50000 innbyggarar. Ein vakker by med kanalar og elv. Her fins grøne område, sykkelvegar og vasskraft.

Eg vaks opp med stoltheit for den statlig eigde vannkraftsprodusenten Vattenfall.  Det var ei oppvakning for meg då eg som tenåring forstod omfanget av den grønvasking som måtte til for att skape Vattenfall som ei miljøvennleg kjempe i ei smussig næring. Vattenfall var ein håreisande klimaversting. Dette ga meg mitt første spark inn i miljøbevegelsen. Vidare var det havet som lokka.  Eg flytta til Vestkysten for å studere marinbiologi på vidaregåande. Der traff eg ein god ven og  inspirasjonskjelde. Emma Nohren. No riksdagsmedlem for miljøpartiet dei grøne i Sverige. I 2009 fikk eg og min sambo ei fantastisk gåve til låns ei stund. Gaupe er no 6 år. Vi flytta alle til Ørsta. Nå har vi valgt att bu i den alpine grenda Sæbø. Der trivs vi, heile familien. Her i denne kommunen vil vi leve.

Eg vil gjerne presentere mine hjartesaker.

Eldreomsorga: Her trenger vi å møte utfodringane og gleda med ei befolkning der menneske over 80 år aukar med 2% per år. Særleg fordi den yngre gruppa ikkje aukar i same takt. Vi i MDG Ørsta ser at vi må tenke nytt. Alternativ buform, frisklivskoordinator etc. Tilbakemeldingane  eg får frå våre glade 50 -talister, ger det klinkande klart at vi må reformere eldreomsorga vår.

Den mjuke trafikkanten: No er det på høg tid att vi set dei mjuke trafikantane i fyrste rekke. Senka fartsgrenser og bymiljøer som er egna for trivsel. Lat oss tenke nærleik, liv og røre, samt gang og sykkel. Kanskje vi skal tenke kostandsreduserande miljøgater istaden for store oppheva gangfelt?

Landbruk. Ørsta er den nest største landbrukskommunen i fylket. I tider der behovet for sikring av lokal matproduksjon må vi stå i framkant og sleppe til nye krefter. For eksempel gjennom det å handheve bu- og driveplikt, og verne om matjord.

Ørsta kommune sitt verdigrunnlag: Ørsta kommune, i hjarte av sunnmørsalpane. Med eit slikt slagord må vi aksle ansvaret for utvikling i Ørsta. Eg ynskjer meg eit verdidokument som viser kvar vi styrer Ørstaskuta. Vi må la dette slagordet gjennomsyre alle samfunnsdelar. Og alle beslutningar vi tar.

Reiseliv: Det er mykje blest i segla no. Og vi må sikre att vi er kapteinen på skuta. Dette gjer vi ved å auke våre eigne kvalifikasjonar. Omfordele midlar frå destinasjonsselskap til vårt eigne kompetansesenter, dvs reiselivslaget, turistinformasjonen og ALLE våre turistnæringsaktørar.​