Helge Standal

2. kandidat MDG Volda, Pensjonist

Vaks opp i skogane ovanfor Volda, og har sykla og gått dei fleste stiar og vegar som fins i Volda kommune. I barne- og ungdomsår vart det mykje og allsidig idrett, med volleyball og slalåm som spesialisering.

Har fleirsidig bakgrunn i yrkeslivet: Jobba med både vaksne og born med særskilde hjelpebehov i mange år. Siste 15 åra har eg hatt glede av å utvikle Globalskolen AS, som driv fjernundervisning på nett. Heilt sidan 1980-talet har eg saman med kompisar drive Iriss Forlag og gitt ut 6 ulike titlar. Å distribuere guidebøker er triveleg arbeid i pensjonisttilværelsen.

Innan frivillig arbeid har eg lang røynsle med ulike verv i Norsk Forbund for Utviklingshemma, mellom anna leiar i Ørsta/Volda lokallag og nettsideansvarleg både i fylket og nasjonalt. I 2013 vart eg medlem i MDG og har hatt verv i lokallaget og fylkeslaget dei to siste åra. Er no leiar i MDG Volda og sekretær i MDG Møre og Romsdal, med nettsideansvar.

Er opptatt av at MDG skal ha ein solid organisasjon. Det er heilt avgjerande for det politiske arbeidet at dei folkevalde i partiet skal ha eit partiapparat å støtte seg på. Mine ambisjonar er ikkje å bli vald inn i topposisjonar i politikken, men heller å støtte dei som tek på seg slike vanskelege oppgåver.

Om eg skulle bli vald inn i Volda kommunestyre vil eg engasjere meg i å ta vare på naturmangfaldet og fjerne svartlista artar.  Vi må ta vare på matjorda, og  opprette andelslandbruk og parsellhagar for å dyrke rein og trygg mat. Set også stor pris på menneskemangfald, Volda må vere eit samfunn for absolutt alle.

Volda har hatt ein enorm vekst sidan eg var smågut, det er på tide å ta det litt rolegare: Seinke fartsgrenser, få gjennomgangstrafikken ut av sentrum. Sentrumskjernen må bli meir småbarnsvennleg med leikeapparat rundt omkring.

Ynskjer også at det skal bli enkelt og vanleg med solceller på Volda sine mange tak.

Vi har mange gode kulturhus i Volda som må takast vare på. Nytt stort kulturhus må vi ha når vi får råd til det, men først må både Øyra skule og Volda Ungdomsskule ha betre lokale.

Ein trygg økonomi ser eg på som svært viktig, kommunen må vere svært restriktive med å nytte lånte pengar.

Ha eit godt val, ta vare på jorda og røyst langsiktig!

- Volda har hatt ein enorm vekst sidan eg var smågut, det er på tide å ta det litt rolegare.