Iren Aambø

3. kandidat MDG Ørsta

Oppvaksen på gard i Åmdalen, men bur no i sentrum av Ørsta.

Utdanning: Interiørkonsulent og møbeltapetserar. No vidareutdanning til faglærar i kunst og handtverk. Arbeidar som nattevakt ved avlastninga for barn og unge i Volda.

Interesser: Dyr og naturen, barn og ungdomsarbeid, alle slags opplevelsesreiser i inn og utland, økologisk matproduksjon. Kunst, musikk og film.

Tidligare politisk erfaring: 6. plass på Sunnmørslista tverrpolitisk liste for Sunnmøre, på Fylkestinget 2011-2015. Då; 1. vara i Miljøutvalet, og Forstandarskapet i Sparebanken Møre. Elles varaplassar i Samferdselsutvalet, Kultur og folkehelseutvalet, Utdanningsutvalet, Distriktsprogramråd for NRK, og Sunnmøre Museum.

Elles erfaring innan miljøarbeid:

  • Site i styret til Volda/Ørsta sitt lokallag i Framtiden i våre hender sidan det var starta i 2007.
  •  I styringsgruppa for Fairtrade i Volda/Ørsta frå 2008-2013.
  • Deltakar på klimaseilaset til København for aksjon under Klimatoppmøtet der i 2009.
  • Møre og Romsdal sin representant under Klimaekskursjonsturen til Kenya med Kirkens Nødhjelp i 2011.
  • Ekskursjon til vindparken på Smøla med Miljøutvalet i 2012.
  • Heldt appell for Framtiden i våre hender under «Vardebrenning for eit oljefritt Lofoten, Vesterålen, Senja og Mørekysten», eit tverrpolitisk arrangement i Volda, 2013.
  • Deltakar på «Earth Hour» arrangementet i Berlin 2015.

Deltakar frå Framtiden i våre hender, for Møre og Romsdal ved NRK sin TV-aksjon for «Regnskogfondet» 2015.