Øyvind Festø

1. kandidat Volda MDG, Lærar

Er fødd i Tromsø, men flytta til Haram i Møre og Romsdal som toåring og vidare til Volda som seksåring. Eg gjekk barneskulen på Mork. Fine år i eit oppvekstmiljø der det ikkje var naturleg at foreldra leverte ungane i bil ved skuleporten sjølv om mange av oss hadde fleire kilometer å gå.

Ungdomsskule og Vidaregåande skule gjekk eg i Volda. Her møtte eg jamaldringar som var interesserte i ulike former for frisport, så mykje av ungdomstida i Volda vart nytta til utandørs aktivitetar som fjellklatring, skiturar og bølgjesurfing.

Etter eit år på folkehøgskule i Lofoten og eit år som klatreinstruktør og mislukka psykologistudent i Bergen flytta eg til Sogndal. Her gjekk eg dei tre første åra av lærarutdanninga som eg avslutta med eit siste år i Tromsø. I 2007 flytta eg tilbake til Volda og fekk jobb som lærar ved Åmås friskule i Åmdalen, der eg framleis er tilsett.

Av tidligare yrkeserfaring kan eg nemne to år som pizzakokk i studietida, sommarjobb som tilkomstteknikar på gamle kyrkjer i Hordaland, butikkmedarbeidar i ein Jokerbutikk og eit lærerikt halvår som miljøterapeut i eit bufelleskap for einslege mindreårige flyktningar.

I dag er eg gift med Anne og bur i eige hus på Haugane. Fritida går med til mikroskala jordbruk utanfor huset, matlaging, judo og landevegssykling.

Eg melde meg inn i Miljøpartiet dei grøne i 2013 fordi eg er oppteken av livskvalitet og økologisk berekraft. Eg såg at alle dei andre partia fører ein politikk som er bygd kring ideen om at vekst er ein føresetnad for utviklinga av samfunnet. Eg trur ikkje at talet på butikkar er avgjerande for om norske studentar og høgskulelærarar vel å flytte til Volda. Eg trur at den korte avstanden til naturen, gode møtestader i sentrum og eit variert kulturtilbod er langt viktigare.

Eg vil ha ei kommune der det er meir naturleg å nytte seg av sykkel og kollektivtilbod enn å sette seg i bilen. Eg vil jobbe for å få E39 i tunell. Ikkje for å legge til rette for meir privatbilisme, men for å gje voldingane tilbake det sentrumet som i dag er dominert av ein støyande og plasskrevjande gjennomgangstrafikk.

Eg har tru på å verne matjord for framtida og sentrumsnære naturområde for rekreasjon. Slik delar av sentrumsarealet har blitt nytta dei siste åra ser det for meg ut som om det er dei store utbyggarfirma som i alt for stor grad bestemmer korleis bygda skal sjå ut.

Om eg får ein plass i kommunestyret vil eg passe på at alle nye vedtak er i harmoni med den eksisterande kommunale klimaplanen. Eg er ingen røynd politikar, men har eit solid lokallag og ein visjonær partiorganisasjon i ryggen! Ta kontakt med meg på stand i sentrum under valkampen. Eg vil gjerne høyre dine synspunkt!

- Om eg får ein plass i kommunestyret vil eg passe på at alle nye vedtak er i harmoni med den eksisterande kommunale klimaplanen.