Hanna Marcussen kjem til Volda

Talskvinne for Miljøpartiet De Grønne Den 30. januar 2014 kjem Hanna Marcussen til Volda

Hanna Marcussen er nasjonal talskvinne for Miljøpartiet de Grønne. Det blir eit ope møte på auditoriet på Høgskulen i Volda klokka 12:15 denne torsdagen. Møt opp på vesle auditorium, Berte Kanutte-bygget.

Deretter vil lokallagsstyret ha lunsj med Hanna. Vi har høve til å informere MDG sentralt om viktige saker i landsdelen vår. Og så kan Hanna fortelje om korleis partiet jobbar etter at vi har fått ein stortingsrepresentant.

Deretter reiser Hanna til Ålesund for å halde foredrag der.

Tema for begge møta blir:
«Oljerikdommen som sovemedisin for norsk miljøkamp».

Vi ønskjer medlemar, media og interesserte velkomne!