MDG Ørsta/Volda satsar på kommunevalet i 2015

På årsmøte den 22. januar tok Thomas Olsen over som leiar etter Eirik Gyllensten

I styret er desse med: Thomas Olsen, Øyvind Festø, Siri Tangen Standal, Joakim Svendsen, Helge Standal, Frida Gillberg og Stina Jakobsen. Eirik reiser til Svalbard med det første, og det er lite truleg at han blir i Volda til hausten. Han fann det difor rett å overlate leiarvervet til nestleiaren.

Heile 9 av dei 20 medlemane møtte på årsmøtet, det er prosentmessig uhyre bra! I tillegg møtte tre nye interesserte, og tok del på første del av møtet.

Årsmøtet vedtok å utarbeide program for kommunevalperioden 2015-2019 i Volda i løpet av året, eventuelt også i Ørsta dersom styret får engasjert nok medlemar frå Ørsta til dette. Programmet skal danne grunnlag for å stille liste ved kommunevalet 2015 i ei eller begge kommunene. MDG og Høgre var dei to partia som auka stemmetalet mest i Volda ved Stortingsvalet i 2013, vi har tru på at MDG kan få inn representant i kommunestyret ved neste kommuneval.

Lokallaget dobla medlemstalet i fjor, og satsar på å doble det på nytt i 2014.

På årsmøtet vart det drøfta samferdselspolitikk og tiltak for å halde på lokalsjukehuset i Volda, høgskulen og lokalflyplassen. Eitt tiltak kan vere å få lagt ferjefri E39 etter indre linje frå Grodås til Sykkylven, og krysse Storfjorden på det smalaste mellom Sykkylven og Skodje, det vert også kortaste, og luraste linja nordover i fylket. Det gir også gode tilhøve for godstransport frå Søre og Indre Sunnmøre og Nordfjord til jernbana på Åndalsnes.