Oppstart av MDG i Ørsta og Volda

Ørsta Volda
Lokallaget vart stifta 12. mars 2013 på eit møte på Høgskulen i Volda. Trude Thy frå MDG sentralt orienterte om partiet og fikk 5 personar til å bli med i eit lokallagsstyre. Eirik Gyllensten vart første leiar, Thomas Olsen nestleiar. Jon Peder Vestad, Hans Olav Myskja og Helge Standal vart også med i styret.

Våren 2013 hadde styret fleire utandørs styremøter, med bål på Årneset ved Rotevatnet. Valkampen til Stortingsvalet 2013 vart planlagd.

Valkampen vart gjennomførd med to stands på Høgskulen i Volda og tre i sentrum dei tre siste laurdagane før valgdagen. Vi fikk 2,8% av stemmene i Volda (best i Møre og Romsdal) og 1,4% av stemmene i Ørsta.

Frå valkampstand i august 2013