Vellykka førpremiere i Ørsta

Frå vaffelpreik etter filmen.Filmen «Opprørske oldemødre» hadde visning på Ørsta kino i kveld. Ca 70 møtte opp, og publikum likte filmen. Etterpå var det appell frå dei samarbeidande arrangørane, og servering av økologiske vaflar og rettferdig-kaffi. Vår lokallagsleiar hadde eit flott og grønt innlegg. Filmen skal også gå på Dok-filmfestivalen i Volda. Denne filmen bør du sjå. Den har ikkje løysinga på alt, men om du lurer på korleis eksponentiell vekst virkar i praksis, så lærer du i alle fall det.